Arkiv for mars, 2008

Jarnbana i dag

Posted in Uncategorized on mars 4, 2008 by rautml

Jau.

Fordi den forbanna slasken Arnfinn har masa som eit anna helvete om at eg skal skrive noke no ei stund, har eg no tenkt å skrive litt om jarnbana i Noreg i dag.

 Vel. Kva er det som feiler jarnbana i dag? Vi har kontaktledninga som dette ned, tog som står, forseinkinga, OSV….

For det fyste so trur eg vi må gå i oss sjølv og seie at vi har for dårleg sikring til kontaktledningane. Eg er på ingen måtar noken ekspert, men det kan umogleg vere bra når dei dette ned heile tida. Ein anna ting som og kan vere ein ide, er å ha ei reserveflåte av diesellokomotiv stasjonert rundt om i distrikta( NSB-distrikt). Berre sånn i tilfelle.

 Eg trur og noke som kan løyse og førebygge ein del problem er linjemenn. Ei spesialisert gruppe viss oppgåve er å halde sin del av linja ved like. Det finns ikkje i Noreg i dag. Men dei fantest før. Eg seier ikkje at dei kan løyse alle problema, men eg trur den desentraliseringa ei slik ordning medfører vil kunne minske problema.

 Takk for no