Årets fyste på hat-lista mi!

Årets fyste på hat-lista mi er: Hans Geelmuyden. Ved sida å ha eit erke-borgarleg namn og det at han e eit rikt svin frå beste Oslo-vest, so har han komme med følgande utsagn:

«Med fare for å virke nedlatende er jo det som dere pusler med ute i distriktene av mindre betydning.» Hans Geelmuyden, kommunikasjonsekspert)

E det rarte eg blir sint, arg og forbanna! Her går kraftverka på vestlandet dag ut og dag inn for å forsyne forbaska vestkantsnobba som DEG, Geelmuyden. Og det her e takka? Einaste grunnen til at du kan smykke deg med den fine tittelen din og bu fint e industrien, landbruket og verdiskapninga som skjer ute i det du kalle mindre viktige område. Har du i det heile teke vore utafor Oslo dei siste åra( og, nei. Hytta på hemsedal tels ikkje)? Har du høyrd om oljeindustrien? Odda? Høyanger? Årdal? Sauda? Kystfiske? Sagbruk? Skipsverft? Vasskraftverk?

Ikkje? Vel då har du gått glipp av ein betydeleg del av verdiskapninga i Noreg.

Velkommen til hat-lista mi.

Ei tilbakemelding til “Årets fyste på hat-lista mi!”

  1. Murder, murder, murder, kill, kill, kill!

    Gode intensjoner her, men bloggen ser ikke skummel nok ut til at detta blir seriøst nok! PUSS OPP!

Legg att eit svar